Lengst inne og øverst oppe i Kandal, med spektakulær utsikt utover Breimsvatnet, finn du familiebedrifta Kandal Kjøtt DA. Garden er brattlent, og har dreve med geitehald i generasjonar. På bakgrunn av dei gode råvarene som garden har gjeve oss, har vi valgt å produsere ulike produkt tufta på våre tradisjonar med foredling av geit- og kjekøtt.

Våre produkt vert laga slik som vi alltid har gjordt det, med reine kjøttvarer, naturleg tørking på stabburet, og tørrsalting av spekelår og pinnekjøtt – sjølvsagt av geit og kje, og heilt naturleg utan mjølk og gluten.

Familiebedrifta vart starta opp av Bjørn og Magni Nygård. Dei starta i det små med å tilby nokre få produkt. Etter å ha dreve med ein liten produksjon i nokre år, fant dei det nødvendig å sette opp eit produksjonslokale for å kunne produsere nok til å dekke etterspurnaden, og for å kunne tilby fleire produkt. Produksjonslokalet sto ferdig hausten 2004. Sonen Paul Nygård vart etterkvart med i produksjon og utvikling av bedrifta, og i 2011 tok han over som dagleg leiar. No er også kona til Paul; Jorun Beate delaktig i drifta. Dei to døtrene Johanne og Taline, er gjerne med på marknadar og butikkdemo, og det er difor ein av desse fire du møter, når du møter oss på marknad, matfestival eller butikkdemo.

Vi foredlar både eigne og andre sine dyr, som vi kjøper gjennom Nortura.

I august 2019 mottok vi “Stiftelsen Nors Mat” sitt Spesialitetsmerke for Unik Smak, for produktet som er grunnlaget for bedrifta; Spekepølse av geit. I august 2021 mottok vi same merket for Spekekjøt av geit.

Eventyret starta i 1997, og dermed kan vi i år feire 25 år med småskalaproduksjon på garden!

Følg oss på Facebook (Kandal Kjøtt) og Instagram (#kandalkjott)

STØLEN VÅR:

På Myklandsstøylen er det aktiv sæterdrift med fleire geitebruk som har geitene sine ute på beite inne i Myklandsdalen. Der er eit yrande “geiteliv” med mange geiter som vert mjølka morgon og kveld frå slutten av juni og 6 veker framover.

( I 2010 valde vår gard å satse på kjøtforedling i staden for mjølkeproduksjon, vi har difor ikkje mjølkeproduksjon inne på støylen.)

Stølen er verdt eit besøk om sommaren! Det er veg heilt fram til støylen. Bompengar kr 50,-.