SPEKEMAT
Spekepølse
Stabburstørka spekepølse av reinskore geitekjøt, litt svinespekk, salt og pepar. God på tur, til koldtbordet, grauten eller på skiva.
Kvitlaukspølse
Stabburstørka pølse av geit, litt svin, kvitlauk, salt og pepar. God på tur, koldtbordet og på skiva.
Kjerizo
Stabburstørka pølse av geit, svin, salt og chorizo-krydderblanding. God på tur, koldtbordet, til pizza eller kokt torsk.
Spekekjøt
Tørrsalta og stabburstørka lår av geit. God til rømmegraut, koldtbordet og på skiva.
GRILLMAT
Grillside av kje
Heil side av kje, ferdig ruta,med urter frå Høgt & Vilt.
Grllbog av kje
Kje-bog, med urter frå Høgt & Vilt, beinet er kutta av to stader for lettare oppdeling etter grilling/steiking.
Grilla kjekjøtt
Ferdig grilla småkje. Godt på grillen, både i ovnen og ute. Klar til oppvarming.
Kjekjøt ferskt
Ferskt kjekjøt i små serveringsstykke. Godt til marinering, grilling og “kje-i-kål”
Kandalsgrill
Grov skinnfri grillpølse, ferdig kokt og klar til grilling / steiking. Inneheld geit, litt svin, krydder.
Yttrefilèt
Yttrefilèt av geit. God til marinering, grilling eller fresast lett på steikepanna før ein tur i ovnen
MIDDAG
Dampepølse
Grov kjøttpølse av geit, litt svin, salt og pepar. Dampe / trekke i ca. 40 min. God til raspeball, pinnekjøtt, eller som eigen rett med potet og kålrabistappe til. Smakar også godt som pålegg når kald.
Kandalspølsa
Grov kjøttpølse av geit, litt svin og krydder. Dampe / trekke i ca. 40 min. God til raspeball, pinnekjøtt, eller som eigen rett med potet og kålrabistappe til. Smakar også godt som pålegg når kald.
Kjesteik
Lår av haustkje. Smakar godt med fløyte-gratinerte poteter,tytebær og grønsaker til.
Kjekjøt i bitar
Haustkje, oppkappa i serveringsstykke. Godt til marinering, sosekjøt, “kje-i-kål” og kje-kleftiko.
Yttrefilèt
Yttrefilèt av geit. God til marinering, grilling eller fresast lett på steikepanna før ein tur i ovnen.
Kjekjøt ferskt
Ferskt kjekjøt i små serveringsstykke. Godt til marinering, grilling og “kje-i-kål”
Pinnekjøtt
Tørrsalta og stabburstørka pinneside av geit og haustkje. Serverast saman med kålrotstappe, poteter og dampepølse. Eit “must” til juletalerken.
Julepølse
Grov kjøttpølse av geit, litt svin og krydder. Dampe / trekke i ca. 40 min. God til raspeball, pinnekjøtt, eller som eigen rett med potet og kålrabistappe til. Smakar også godt som pålegg når kald.
PÅLEGG
Spekekjøt
Tørrsalta og stabburstørka lår av geit. God til rømmegraut, koldtbordet og på skiva.
Kje-rull
Påleggsrull av haustkje. Kun tilsatt salt og pepar. God på brødskiva.
Kjerizo
Stabburstørka pølse av reinskore kjøt av geit og svin, krydderblanding God til pizza, koldtbord eller på skiva.
Spekepølse
Stabburstørka pølse av reinskore geitekjøt, litt svinespekk, salt og pepar. God til tur, koldtbordet, graut og på skiva.
Kvitlaukspølse
Stabburstørka pølse av reinskore geitekjøt og litt svinespekk, kvitlauk, salt og pepar. God til tur, koldtbordet, graut og på skiva.
Serveringstips
SPEKEMAT:
Til spekemat reknar ein med ca. 100 g. reint kjøtt pr. person i tillegg til potetsalat, eggerøre, grønn salat, flatbrød m.m.
MIDDAGSMAT:
Til pølser, steik og anna reint kjøtt, reiknar ein ca. 150 – 200 gr. pr. person i tillegg til tilbehøret.
GRILLMAT:
Kjekjøt er fantastisk godt og magert og kan anbefalast på det sterkaste, enten ferskt, eller ferdig grilla – som berre er til å varme lett på grillen.
Av våre nyeste produkter som er blitt veldig populære, er grillside av kje med urter frå Høgt & Vilt, ferdig rutet-klar for grillen! Bogen er også med urtet frå Høgt & Vilt, beinet i bogen er kuttet, slik at det er lett å dele opp etter tilbereding!
Kandalsgrill er eit flott og smakfult produkt som fyller ganen med god smak, og magen med grillpølser av 100% rein kjøtt. Eit smakfult og godt alternativ til den tradisjonelle grillpølsa.